«Eg er ein språklærar med språkvanskar»: Ein fokusgruppestudie av det språklege medvitet til lærarar i nynorske randsoneområde
DOI:
https://doi.org/10.58215/ella.97Emneord (Nøkkelord):
språkleg medvit, språkideologiar, nynorske randsoneområde, språkkunnskapar, språk i alle fagSammendrag
I denne artikkelen blir det språklege medvitet og språkideologiane til ungdomsskulelærarar i eit nynorsk randsoneområde utanfor Bergen undersøkt gjennom problemstillinga «Korleis kjem lærarar i nynorske randsoneområde sitt språklege medvit og språkideologiar til uttrykk gjennom deira rapporterte behov for språkkunnskapar?». For å få svar på problemstillinga er det nytta fokusgruppeintervju med til saman tolv lærarar på fire ungdomsskular. Gjennom ei refleksiv tematisk analyse vart fylgjande tre tema utarbeidde: fokus på læraren som språkbrukar, læraren som språkpedagog i alle fag og særskilt språkleg medvit hos læraren i randsona. Eit hovudfunn er at kunnskapane lærarane rapporterer at dei treng, gjerne handlar om formelle kunnskapar i nynorsk og bokmål for eiga skriving. Dei omtalar altså seg sjølve som språkbrukarar i større grad enn språkanalytikarar, språkpedagogar og kulturutdannarar. Det språklege medvitet deira er prega av språkideologiar, og desse ideologiane styrer også i stor grad fokusområda i intervjua. Studien viser at ein i lærarutdanninga bør retta merksemd mot lærarens språklege medvit og kompetanse, også utanfor norskfaget, særleg med tanke på den norske toskriftspråkssituasjonen.
Nedlastinger
Publisert
Utgave
Seksjon
Lisens
Opphavsrett 2025 Ida Marie Jegteberg

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution 4.0 International License.