Havets toposar

Ein analyse av bildeboka "Papelina" av Randi Fuglehaug og Jill Moursund

Forfattere

  • Silje Neraas Norges teknisk- vitenskapelige universitet (NTNU)

DOI:

https://doi.org/10.58215/ella.25

Emneord (Nøkkelord):

Bildebøker, Den europeiske flyktningkrisa, flyktning, topos, kronotop

Sammendrag

Samandrag

Artikkelen er ein analyse av den norske bildeboka Papelina (2017) av Randi Fuglehaug og Jill Moursund, og fortel om ein papegøyefamilie som dreg heimanfrå og over eit stort hav for å kome seg til eit papegøyepalass. Samstundes er det ei forteljing om å vere på flukt. Papelina er ei av fleire bildebøker og barnekulturelle verk som kom ut i 2016 - 2017, og som handsama det som vart kalla for den europeiske flyktningkrisa frå 2015. Artikkelen plasserer bildeboka i samanheng med andre norske samtidige bildebøker som fortel om ei reise over havet. Ei reise over havet har blitt peikt på av fleire som eit sentralt trekk i bildebøker for barn som har den europeiske flyktningkrisa som sin publiseringskontekst (Vassiloudi, 2019; Duckels & Jaques, 2019; Pesonen, 2019; Warnqvist, 2016, 2018; Arizpe 2021). Føremålet med artikkelen er å undersøkje kva havet, eit sentralt referansepunkt i den europeiske flyktningkrisa, artikulerer i Papelina. I analysen undersøkjer eg korleis Papelina trekkjer på etablerte litterære motiv – toposar – ved havet i ei samtidig forteljing om flukt. Utgangspunktet for artikkelen er at toposane, og deira litterære og kulturelle ballast, blir kopla til den europeiske flyktningkrisa, som genererer ei spenning i Papelina mellom toposane og det spesifikke historiske erfaringsrommet til den europeiske flyktningkrisa. Spenninga i Papelina opnar for ei drøfting av kva bruken av havet uttrykker av kulturelle førestillingar om flyktningkrisa og ei samtidig flyktningerfaring, der den felles vitenhorisonten (Eliassen, 2020, s. 153) mellom bildebokskaparane og lesaren er sentral.

Nedlastinger

Publisert

2023-06-28