Den indre språkkjensla og talespråkleg variasjon som utgangspunkt for grunnleggande grammatikkundervisning
DOI:
https://doi.org/10.58215/ella.8Emneord (Nøkkelord):
grammatikkdidaktikk, språklege ressursar, kunnskapsverdi, læringsglede, haldningsarbeid, utforskingSammendrag
Hovudmålet med artikkelen er å skissere eit grunnleggande rammeverk for grammatikkundervisning i norsk skule som bygger på grammatikkforskingsfeltet. Skulegrammatikkdebatten har ei lang historie, men vi tar utgangspunkt i forholda slik dei er i Noreg i dag, med den grunnleggande grammatikkundervisninga som mål. I lys av nyare grammatikkdidaktisk forsking drøftar vi kva grammatikk er, kva formålet med grammatikkundervisning bør vere, og kva pedagogiske rammer det bør byggast rundt. Vi viser blant anna til norsk didaktikkforsking som tar i bruk elevanes fleirspråklege ressursar i undervisning om grammatiske strukturar, til nederlandsk forsking som framhevar elevars bevisstheit om fleirtydigheit og oppøving av språkvitskapleg argumentasjon, og amerikansk didaktikkforsking som brukar grammatikkundervisninga for å lære elevar vitskapleg metode, noko som samtidig medfører positive haldningar til språkleg variasjon. Barn flest har ei naturleg interesse for språk som bør takast vare på for å fremje kunnskap om og engasjement for arbeid med språklege strukturar. For å få det til bør den grunnleggande grammatikkundervisninga i større grad bygge på den indre språkkompetansen elevane har med seg frå språk dei kan frå før, med talespråket som det primære studieobjektet, og skiljast meir frå skriveundervisninga, spesielt frå arbeid med rettskriving og andre normative tilnærmingar til språk.
Nedlastinger
Publisert
Versjoner
- 2023-04-17 (3)
- 2023-04-17 (1)
Utgave
Seksjon
Lisens
Opphavsrett 2023 Åshild Søfteland, Kristin Hagemann

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution 4.0 International License.