I kva for grad bidrar lærebøker i språkfag til å realisere ein fleirspråklegheitsdidaktikk?
Ein analyse av det digitale læreverket i tysk, Spitze 8
DOI:
https://doi.org/10.58215/ella.108Emneord (Nøkkelord):
Spitze 8, fleirspråklegheit, fleirspråklegheitsdidaktikk, framandspråk, læreverkanalyse, språklæringSammendrag
I artikkelen tek eg føre meg ein læreverksanalyse av Gyldendals digitale læremiddel i tysk, Spitze 8, for 8. trinn. Dette er laga i samsvar med fagfornyinga i Kunnskapsløftet i 2020 (LK20). Eg undersøker i kva for grad Spitze 8 bidrar til å realisere ein fleirspråklegheitsdidaktikk ut frå føringane i læreplanen for framandspråk. Denne påpeiker at å kunne bruke den samla språkkompetansen frå andre språk elevane kan og kjenner til, og å overføre språkkunnskapar og språklæringserfaringar frå desse, skal vere ein meiningsfull ressurs i framandspråksfaget i skulen. Trass utdanningspolitiske ønske om og mykje forsking på føremonene med fleirspråklegheit i språklæringskontekstar dei siste 20 åra, går det langsamt med implementeringa av fleirspråklegheit i praksisfeltet. Det kan vere mange grunnar til det, ikkje minst manglande fleirspråklegheitsdidaktiske tilnærmingar i læreverka. Viktige faktorar for ein fleirspråklegheitsdidaktikk er samanlikning av språk, læringsstrategiar og positive haldningar i læringskonteksten. Eg gjer her ein kvalitativ innhaldsanalyse der eg brukar desse kategoriane som analyseeiningar. Spitze 8 har fleire fleirspråklegheitsdidaktiske element enn andre læreverk, men gjennom tekstar og øvingar uttrykkjer læreverket likevel ei monolingval tilnærming til språklæring. Det er enno ein veg å gå for å implementere ein ressursorientert og holistisk fleirspråklegheitsdidaktikk, der all språkkompetanse er likt verdsett.Nedlastinger
Publisert
2025-10-20
Utgave
Seksjon
Artikler
Lisens
Opphavsrett 2025 Camilla Bjørke

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution 4.0 International License.